Om Haukelitunet

Haukelitunet er eit tun med fleire butikkar og verksemder, samt ein stor og moderne bensinstasjon.  Forutan at det er den naturlege stoppestaden mellom Oslo, Haugesund og Kristiansand, er det også eit møtepunkt for både dei fastbuande, og hyttebuande.  Ein får ordna det meste her, som td handle mat, sport og fritidsutstyr, fiskekort, bank- og posttenester, gåve og interiør, møbler, trening. I tillegg har me rørleggar, elektrikar i huset,  soneterapi, frisør, og optikaren er stundom innom. Her kan ein også få seg ei varmepumpe eller vedomn, eller rett og slett fylle opp mage og kropp, samt bilen, og få med seg noko av dagleglivet her i Haukeli/Edland.

Haukelitunet blei til etter at vegvesenet hadde lagt om vegen i 1998, då med to verksemder.  Dei måtte snu seg slik at dei hadde fronten mot den nye vegen.  I 2001 kjøpte EDLAND KJØTT OG KOLONIAL AS, som hadde butikk i Edland, SPAR HAUKELI.  La så ned sin butikk i Edland for å i møtekoma utfordringane i at ein måtte ha eit stadig aukande volum for å kunne halde fram med moderne butikkdrift.  To år etter starta EDLAND KJØTT OG KOLONIAL AS opp MX Sport Haukeli.  Ei frisk satsing, som synte seg å ha livets rett.  Er no ein av dei leiande sportsbutikkar i distriktet.

 

2008 vart eit merkeår i Haukelitunets historie, det nye forretningsbygget på om lag 2000 m2, stod klart. Dette kallar me HAUKELITUNET AUST.   SPAR HAUKELI og MX SPORT HAUKELI, flytte inn.  Samstundes vart HUS OG HEIM, ei interiør- og gåveavdeling opna.  Det er ei veldig utbygging av hytter i området, så det synte seg at dette vart ei svært populær stad å handle.  Slik at me trong meir og meir plass for å halde tritt med behovet.

 

I 2012, opnar me eit nytt minisenter på om lag 1000m2, i det gamle Svalastog bygget.  Det vert kalla HAUKELITUNET VEST.  Hus og Heim, flyt dit og har fått med seg 10 nye verksemder, som etablerar avdelingar i dette flotte ny oppussa bygget. 

 

HAUKELITUNET VEST er eit superspanande konsept, der me i samarbeid greier å få større kjedar til å tenke noko mindre, for å kunne gje oss på mindre plassar, eit reelt tilbod. Me må rette ein stor takk til Møbelringen i Etne, samt Ringo i Etne for den velvilje og entusiasme dei har synt i dette konsept.  Lauareid service skal ha all ære for at kontaktane vart kopla. Rauland Elektriske har gjeve oss moglegheit og støtte for å dra dette i hamn, ved å vera utruleg fleksible. Haukeli Soneterapi og Pust og Pes treningssenter gjev breidde i konseptet. Lysaker optikk kjem inn og gjev oss nytt syn. Haukeli frisør og aromaterapi si tolmod rundt alt levenet, skulle ha vore skrive inn i historiebøkene. Treningssenter har det også blive, takket vere to fysioterapeutar som har lyst til å gi sitt bidrag i bygda. Og til slutt men ikkje minst Stine Haugen, som har vore prosjektleiar.  Ho har hatt mange tøffe dagar for å kunne lande heile prosjektet.  Tusen takk!

 

I 2015 vart SPAR HAUKELI og ferskvareproduksjonen overteke av Telemark Daglegvare Edland AS.  EDLAND KJØTT OG KOLONIAL AS har difor blive omdøypt til HAUKELITUNET AS.  HAUKELITUNET AS er i gang med fleire prosjekt, som NETTKAUP.NO, KJELLAR’N, samt å gjera enda meir rundt SONGASTOGA.

 

NETTKAUP.NO er ein nettbutikk der me etter kvart vil kunne tilby det meste av det me har i våre avdelingar i dag, samt at me vil freiste å få med oss fleire firma her.

 

KJELLAR’N vil bli ein stad for dei teknisk interesserte, med motorsyklar, snøscooterar, snøfresarar, plenklypparar, motorsager osb. Avdelingane til Rørleggar’n, Elektrikaren, samt Lauareid vert også flytt dit.  Er enda ikkje heilt ferdig med innhaldet her, men me trur dette blir eit knallbra tilbod for området.


Alt dette er no eit tilbod til Dykk.  Me vonar og trur at dette gjev Dykk enda ein grunn til å ta turen til Haukeli og HAUKELITUNET AUST OG VEST.

Knut Martin Edland
Knut Martin Edland

 

©2012 - HAUKELITUNET - Tel: +47 918 60 500 - E-post
Nettsideløsning og Webdesign fra Uni Micro Web