• foot.jpg
  • fotsone.jpg
  • kopping.jpg
  • ear.jpg

Haukeli Soneterapi

Haukeli Soneterapi

Åpningstider

Onsdag 10.00 - 17.00

Torsdag 11.00 - 18.00

Fredag 10.00 - 17.00

Lørdag 10.00 - 15.00 (lørdager etter avtale)

 

Priser: 550,- for første behandling og konsultasjon. 500,- pr. time for videre behandling.

Priser barn: 400,- pr. time for barn opp til og med 10 år.

 

Ring for timebestilling: 99020102

Epost: liv.underdal39@gmail.com

 

Ein behandlingstime inneheld stimulering av soner på forskjellige steder på kroppen og øyreakupunktur. Koppingmassasje utøves etter behov.

 

 

 

Kva er soneterapi og refleksologi?
Refleksologi er ei vidareutvikling av soneterapi, som kan førast tilbake til det gamle Egypt fleire tusen år f.Kr.

 

Soneterapi og refleksologi byggjer på heilhetsprinsippet, dvs. at mennesket blir sett som ein heilhet med kropp og psyke i gjensidig balanse. Blir denne balansen forstyrra, oppstår det sjukdom, og symptoma er teikn på at kroppen gjev beskjed om at noko er gale.

Behandlinga tar utgangspunkt i at kroppen har eit nettverk av sonesystem. Desse systema kan vera på foten, handa, leggen, øyra eller andre felt på kroppen. Ved å stimulere soner med punktpress, blir det sendt signal via nervesystemet til kroppen, og det blir sett i gang ein helingsprosess.

 

Ein refleksolog:

  • har heile kroppen som arbeidsfelt
  • behandlar via stimulering
  • brukar hendene som sitt viktigaste verktøy

Refleksologi dekkjer eit vidt problemområde, og har vist seg å vera svært verknadsfullt på born. Det er ein fullstendig trygg behandlingsform, og er ein behageleg og avslappande oppleving.

Øyreakupunktur
Dette er ein eigen terapiform, der heile organismen har soner i øyra. Eg brukar magnet-plaster på sonene, som då får trykkstimuli, i tillegg til at det skjer ein ioniseringsreaksjon som forsterkar behandlinga.

Kopping
Kopping er ein massasjeteknikk. For å få i gang sirkulasjon brukar eg ein glaskopp festa til ein gummiballong for å få vakuum. Koppen blir ført langs musklane i den hensikt å få fram god blodsirkulasjon. Ved å få fram god sirkulasjon i ein vond muskel vil smerta forsvinne. Eg brukar kopping der eg ser det er mest hensiktsmessig i forhold til ditt aktuelle problem og din allmenntilstand. Dette er ein behageleg og roleg behandlingsform.

Reaksjonar etter behandling
Ofte kan ein oppleve reksjonar etter ein behandling. Desse er individuelle, og kan enten oppstå umiddelbart, eller lengre ut i behandlingsforløpet.
Reaksjonar kan vera:

  • Trøyttheit og djupare søvn
  • Auka tarmfunksjon
  • Auka vannlating med meir farge og lukt
  • Sveitting, frysing og kaldsveitting
  • Oppbluss av gamle symptom

Desse reaksjonane er eit resultat av at organismen blir reinsa frå forskjellige avfallstoff, og er ein del av behandlingsforløpet.


Litt om meg.

Eg vart utdanna soneterapeut og refleksolog hos Medica Nova i 2000, og har seinare fylgt oppdateringskurs. (www.medica-nova.no)
Øreakupunktur ved Norsk Naturmedisinsk Fagskole i 2000
koppingmassasje på Høgskolen for Integrativ medisin i 2005.
Anatomi, fysiologi og sjukdomslære ved Tunsberg Medisinske Skole i 2010.

Eg er offentlig godkjent i registeret for alternative terapeutar, og er medlem NLH. Desse har strenge etiske retningslinjer som medlemmane må fylgje. Som terapeut har eg taushetsplikt, og plikt til å behandle klientane mine med verdighet og respekt.


Kontakt Haukeli Soneterapi
Navn:
*
E-post:
*
Telefon:
*
Kommentar:
©2012 - HAUKELITUNET - Tel: +47 918 60 500 - E-post
Nettsideløsning og Webdesign fra Uni Micro Web